F.v: Turid Vivelid, Viljar Solheim, Sander Sandsgård, Astrid Håvarstein Lothe og Jonathan Tønnesen Vestbø frå eit tidlegare år under 4H leir.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Fekk utfordra kroppen og hjernen
Godt samarbeid var nøkkelen då dei konkurrerte seg gjennom ti postar og ei heil mil.
For femte gong blei aktivitetsdagen Amazing Race» arrangert på Bjoa i regi av Bjoa 4H, og av 30 medlemmar møtte 25. Og det blei ein heseblesande dag.
Turid Vivelid, Viljar Solheim, Sander Sandsgård, Astrid Håvarstein Lothe og Jonathan Tønnesen Vestbø har tatt beina fatt og spring så fort dei berre maktar oppetter grusvegen ved Årvik i Vikebygd. Dei var andre lag som løyste inngangsoppgåva i årets utgåve av Amazing Race, som starta ved Bjoa skule, og ligg dermed berre fire minutt bak leiarteamet. Og det er med iver og lyst dei unge 4H-arane legg i veg, for dette har dei gledd seg til lenge.
— Mange av oss har vore med fleire gonger før, og me veit at dette blir ein kjekk dag, seier Sander Sandsgård som er eldst i gruppa si, og lagleiar.