Fekk trimma lattermuskelen
— Det var fult hus og fantastisk stemning på kvelden. Me er strålande fornøgde, om lag 350 personar har sett revyen totalt, fortel Cathrine Hamre Tindeland, ei av eldsjelene bak revyen og aktiv i dei fleste innslag.
At nokon kunne bu
Revyen opna med revysjef, Rolf Julsrud som tekstlesar i innslaget Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». På begge sider ved scenen var det store lerret som viste bilete frå Vikebygd medan Julsrud las. Fyrst ein rein skrytefilm, før det gjekk over til det noko meir humoristiske, og problemstillinga med å få fleire folk til bygda.