Wenche S. Lilleland (Ap)
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Fekk støtte for feriekrav
Etter ein lengre debatt bestemte eit einstemmig kommunestyre i Vindafjord å jobbe vidare med korleis personar med funksjonsnedsetting skal få lov til å ha med seg tilsette på ferie.
Saka kom opp under kommunestyret sitt møtet tysdag, etter ein interpellasjon av Wenche S. Lilleland (Ap).
Som følgje av vedtaket må kommunedirektør Yngve Folven Bergesen komme med forslag til korleis det personar med funksjonsnedsetting, som bur i heildøgnsbemanna bustadar i Vindafjord, skal få tilbod om å reise på ferie med personale, kostnadsfritt for kommunen. Brukarorganisasjonar og tillitsvalte skal bli involverte i prosessen.
Justerte ordlyden
Det endelege vedtaket er ei justering av Lilleland sitt originale forslag, der elementet med brukarorganisasjonar og tillitsvalte er eit tilleggspunkt fremja av Guri Ravatn (SV). Interpellasjonen skapte ein debatt der fleire politikarar var positive til initiativet, men ønskte ulike avklaringar i utforminga av vedtaket. Det justerte forslaget kom etter eit lengre gruppemøte.
Bakgrunnen for saka er ei praksisendring for eit par år sidan, som sette ein stoppar for at tilsette som jobbar med personar med funksjonsnedsetting fekk bli med brukarane på overnattingsreiser.
Tidlegare betalte kommunen lønna til personalet, og sende rekning til tenestemottakar på timar som var utanom arbeidstakar si faste arbeidstid, på slike reiser.