Fekk smaka lokale produkt
Etter ein lærerik rundtur på Autostore sitt anlegg i Vats fekk Kronprins Haakon og rundt 60 inviterte gjester ei smakfull avslutning med ein smakebit av lokal matkultur.
Nesheimstunet med Elisabeth Nesheim i spissen stod for menyen denne dagen, og gjestene såg ut til å lika det dei blei servert av kortreist godbitar.
Elegant pynta bord og små rettar servert på roterande fat venta kronprinsen og lunsjgjestene før turen gjekk vidare til Haugesund. Elisabeth Nesheim og gjengen på Nesheimstunet stod for servering og matlaging denne dagen, og det var ikkje fritt for at sommarfuglane kribla litt ekstra i magen då kronprinsen inntok lokalet.
— Me var spente, men det var ei ære å få vera med. Dette har vore SÅ kjekt. Det er ei ære å få vera med å servera kronprinsen og me har fått mange positive tilbakemeldingar frå gjestene. Og alle som har levert mat til oss synest det har vore stas å få vera med, og me me synest det er stas å få laga dei produkta me har, seier Elisabeth Nesheim etter at gjestene er vel forsynte.