— FKH vil alltid vera mitt første lag. I mitt hjarte er dei best, seier Magne Berge og ventar i spenning på dei fire spelarane frå FKH som er venta til Etne senter denne haustdagen.
28-åringen frå Skånevik er storfan av laget frå Haugesund og har i mange år stilt opp på kvar einaste heimekamp favorittlaget hans har spelt.
— Det starta med sesongkort i 2914 og sidan har det fortsett. Eg skal på kamp på sundag då dei skal spela mot Tromsø. Dei ligg tynt an i eliteserien, og eg håpar dei klarar seg, seier han.