Vidar Rullestad (t.v.) mottok tysdag fortenestemedalje på arbeidsplassen sin i Dommersnes og Larsen frå dagleg leiar Martin Ulvebne Larsen. FOTO PRIVAT
Vidar Rullestad (t.v.) mottok tysdag fortenestemedalje på arbeidsplassen sin i Dommersnes og Larsen frå dagleg leiar Martin Ulvebne Larsen. FOTO PRIVAT
Vidar Rullestad frå Vikebygd har trivst godt på arbeidsplassen. PRIVAT FOTO
Vidar Rullestad frå Vikebygd har trivst godt på arbeidsplassen. PRIVAT FOTO
Vidar Rullestad blei feira med kake. PRIVAT FOTO
Vidar Rullestad blei feira med kake. PRIVAT FOTO

Fekk medalje for 30 års teneste

Vidar Rullestad (59) frå Skjold fekk tysdag Noregs vel sin medalje for 30 år på same arbeidsplass, i tømrarfirmaet Dommersnes & Larsen AS.

Publisert Sist oppdatert

Medaljen, som blir delt ut av Det Kongelege Selskap, går til arbeidstakarar med minst 25 års lojal teneste i ein bedrift og som har vist særleg innsats. Medaljen er ei anerkjenning av Rullestad sin trufaste innsats for Dommersnes & Larsen AS gjennom tre tiår.

Han har vore med på heile utviklinga til Dommersnes & Larsen, frå eit lite firma med nokre få tilsette til dagens organisasjon med over 30 medarbeidarar. Han var blant dei som bygde lagerbygget på Dommersnes og har følgt selskapet gjennom vekst og endring. No er han anleggsleiar og ein respektert del av arbeidsmiljøet.

— Vidar er ein person som er godt likt, har god humor og står alltid på. Han er ikkje den som går heim først om det er noko som må gjerast, seier Martin Dommersnes som er dagleg leiar i Dommersnes & Larsen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS