ILLUSTRASJONSFOTO
Fekk du ikkje Grannar til frukosten i dag?
Frå i dag av vil papiravisa bli levert med Posten, og ikkje lenger med avisbod. Dette vil i praksis bety at avisa ikkje kjem på morgonen, men med normal postgang. Det er rett og slett fordi vår samarbeidspartner Amedia distribusjon har sagt opp avtalen dei har hatt med både Grannar, Haugesunds Avis og fleire andre titlar knytt til distribusjon i grendene våre, dette av økonomiske årsaker.
Denne første distribusjonsdagen har dessverre ikkje gått heilt knirkefritt, og avisa har ikkje nådd fram til alle. Det er lova at dei som ikkje har fått i dag, vil få Grannar levert med Posten i morgon.