Anne Lise Grønstad blei veld ut til å få 50.000 kroner i utdanningsstipend.
Foto: Privat
Fekk 50.000 i stipend
Stipendet blei delt ut på eit medlemsmøte i Stord Rotary.
Grønstad tek ein mastergrad i geovitskap på Universitet i Bergen. I masterprosjektet har ho undersøkt samanhengen mellom observerte ras-hendingar og jordskjelv i Sulafjorden og innsjøsediment på Hareidlandet. Ho er inne i det siste halvåret av masterutdanninga si. I grunninga for stipendtildelinga står det.
Valet av vinnar vart gjort med bakgrunn i at stipendet i løpet av 30 år har vore tildelt søkjarar som har hatt ein variert bakgrunn i studieretningar og framtidsplanar. Anne Lise sin bakgrunn som Master of Geoscience er viktig med tanke på store geologiske utfordringar på Vestlandet med sine fjell og fjordar, rasutsette område og framtidige byggjeprosjekt».