Feira lokalhandel med kaffi og drøs
Lappakaker, kaffikos og tippekonkurranse stod på menyen då butikksjef Gunn Vikingstad ved Joker i Vikebygd inviterte kundane til feiring av den lokale handledagen.
Kvart år markerer distriktsbutikkar over heile landet som er tilknytt Merkur-programmet lokalhandelen ved å tilby kundane litt ekstra denne eine kampanjedagen. Ved Joker i Vikebygd valde dei å markera dagen med kafffikos, og serverte rykande ferske lappar og kaffi til kundar som stakk innom denne laurdagen. Grunna koronasituasjonen blei serveringa flytta utandørs, og kundane kunne nyta kaffikoppen på smittesikker avstand.
— Hadde det ikkje vore for korona ville me vore inne i Drøsestova, men nå tar me det utandørs, seier butikksjef Gunn Vikingstad og legg ei god ause lappekakerøre på takka.
— Får berre håpa det ikkje blir for mykje regn, seier ho.