Isen er ikkje trygg i Ølsfjorden, eller andre plasser nå.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Farleg leik på isen
Laurdag føremiddag blei det meldt om tre mindreårige på isen i Ølsfjorden i Ølen. 110 Sør-Vest seier det er viktig å læra barn om iskunnskap.
— Ifølgje meldaren var barna til tider langt ute på vatnet. Heldigvis kom dei seg trygt til land og fekk ei tydeleg åtvaring om at dette ikkje er trygt, melder 110 Sør-Vest på X klokka 12.05.
Dei minner om at ein kan følgje isvarsler for Rogaland og Agder på Varsom.no. Dei gir også gode råd om korleis foreldre kan lære barna om isens farar:
- Ta barna med til isen og vis dei kvifor det er farleg.
- La dei halde handa i vatnet for å kjenne kor fort dei blir kalde.
- Vis kor glatt isen blir når ein heller vatn på den, så dei forstår kvifor det er vanskeleg å komme seg opp att utan hjelp.