Kjøttprodusenten Nortura klarer berre å dekkje mellom 70 og 80 prosent av dei innkomne bestillingane på lam til nasjonalretten fårikål. Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Kjøttprodusenten Nortura klarer berre å dekkje mellom 70 og 80 prosent av dei innkomne bestillingane på lam til nasjonalretten fårikål.

Fårikål-trøbbel: Nortura slit med å dekkje lammebestillingane

Kjøttprodusenten Nortura klarer berre å dekkje mellom 70 og 80 prosent av dei innkomne bestillingane på lam til nasjonalretten fårikål, melder Nationen.

Publisert Sist oppdatert

I dag er det fårikålens dag, og det er stor etterspurnad etter lam no i september. Denne veka vart det slakta 53.700 lam, ifølgje avisa.
Og lamma er litt større enn i fjor i snitt.

– Det ser derfor ut som utmarksbeite i mange område har levert flott lammetilvekst denne sommaren, seier fagsjef småfe, Finn Avdem, i Nortura i ein rapport
til medlemmene deira.

Nortura dekkjer mellom 60 og 70 prosent av bestillingane på lammekjøtt.

Når det gjeld kål, skriv Landbruksdirektoratet i den vekevise rapporten
sin at produsentane av hovudkål framleis opplever at omsetninga ikkje tek seg opp som venta i fårikålsesongen.

– Noko av utfordringa har vore at det ikkje er så mykje fårikålkjøtt tilgjengeleg for forbrukarane, heiter det.

(NPK)

Powered by Labrador CMS