Får støtte til løp
Vindafjord kommune har behandla Vikebygd IL sin søknad om kulturtilskot til Kvamsåsen Rundt i Vikebygd, eit mosjonsløp for alle aldrar og formnivå.
Kultur og læring i Vindafjord kommune har tildelt dei 10.000 kroner. Dette kjem fram i eit vedtaksbrev signert einingsleiar Ane Kesia Eide Fatland og rådgjevar Anita Skeie Vormestrand 18. november.
Årets løp var den 30. utgåva. Kvamsåsen Rundt blei arrangert for første gong sidan 2009 i fjor, og fekk god mottaking både blant bygdefolk og deltakarar frå nærområdet.