Snart kan folk sette seg på høgskulebenken i Medvind-bygget i Ølensvåg. Det gler Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og dagleg leiar i Medvind24, Kari Aakra. Foto: Svein-Erik Larsen
Snart kan folk sette seg på høgskulebenken i Medvind-bygget i Ølensvåg. Det gler Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og dagleg leiar i Medvind24, Kari Aakra.

Får lokalt studietilbod

Ei nasjonal tildeling frå regjeringa gjer at Høgskulen på Vestlandet (HVL) får over to millionar kroner til å starte eit fysisk utdanningstilbod i Etne og Vindafjord. Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og dagleg leiar i Medvind24, Kari Aakra, jublar for bidraget til lokal kompetanseheving.

Publisert Sist oppdatert

— Dette betyr veldig mykje for både Medvind og næringslivet lokalt. Framover kjem me til å kople lokale interesserte bedrifter på, så må får tilrettelagt dette på best mogleg måte for næringslivet, seier Aakra.

Midlane er ein del av regjeringa si utdeling av 200 millionar til desentraliserte utdanningar og studiesenter. Fagskular, høgskular og universitet tildelast til saman 150 millionar til 39 nye desentraliserte og fleksible utdanningar. I tillegg får 27 studiesentre over heile landet til saman 50 millionar, slik at dei kan legge til rette for fleire lokale studietilbod.

— Det er kjempebra at regjeringa gir pengar til slike studietilbod, og enda betre at Etne og Vindafjord blir kopla på, seier Vierdal.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS