Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Får ikkje skuleskyss langs farleg veg

Publisert Sist oppdatert

— Eg får skuleskyss frå november og ut mars, men resten av skuleåret må eg sykla eller gå. Det er mange plassar langs vegen der det er stygt og smalt, seier Ingeborg Bjerkreim som har 2,5 kilometer med svingete og smal veg frå heimen og inn til skulen.

Skulevegen til den 13 år gamle jenta går langs fylkesveg 48 inn mot Skånevik og snirklar seg gjennom krappe svingar og tronge vegparti. Få stader langs vegstrekninga har passasje for to bilar, og kjem ein buss eller lastebil køyrande blir ho pressa ut i grøfta. Elevar som bur mindre enn 4 kilometer frå skulen har i utgangspunktet ikkje rett på skuleskyss, men Etne kommune tilbyr elevar på ungdomstrinnet, som mellom anna bur langs dei trafikkfarlege vegstrekningane inn mot Skånevik og langs Strondavegen mot Etne, rett på skyss i vinterhalvåret. Resten av skuleåret måtte dei klara seg sjølve.

— Eg kan ikkje forstå at vegen er mindre farleg om sommaren enn om vinteren. Vegen er like farleg uansett, og det er meir trafikk om sommaren enn om vinteren, seier Bjerkreim som møter ferjetrafikken både til og få skulen.

Powered by Labrador CMS