Krabbe i teine
Fant giftige krabbar
I 2021 blei det funne krabbar med høgt innhald av tungmetall i Ålfjorden. Naturvernforbundet har sendt bekymringsmelding til myndigheitene, og meiner oppdrettsnæringa er hovudansvarlege for forureininga, mens fiskeoppdrettarane stiller seg kritiske til påstandane.
I 2021 blei det funne krabbar med høgt innhald av tungmetall i Ålfjorden, og Naturvernforbundet Hordaland har åtvara om dette. Tom Skauge, leiar for Naturvernforbundet Hordaland, sende 15. april eit brev til Statsforvaltaren i Vestland og Mattilsynet med tittelen bekymringsmelding vedrørende miljøgifttilstanden i Ålfjorden». Naturvernforbundet hadde i samarbeid med Universitetet i Bergen og Interessegruppa for miljøgifter og folkehelse målt miljøgiftinnhaldet i krabbar fiska nær eit oppdrettsanlegg i Ålfjorden. Resultata var alvorlege. Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA) har fastsett ei øvre grenseverdi for kadmium på 0,5 mg/kg våtvekt i kvitt krabbekjøt, men ingen øvre grense for brunmaten. Skauge peikar på at dette ikkje betyr at kadmium i brunmaten ikkje er farleg. Krabbane frå Ålfjorden hadde ein gjennomsnittsverdi for kadmium på 21,1 mg/kg og ein maksimalverdi på 57,8 mg/kg, målt i tørrvekt, som er 42 og 116 gongar høgare enn EFSA si tillatne maksimalverdi. Nivået er så høgt at krabbane ikkje bør etast.
Kjeldene til forureininga
Skauge meiner oppdrettsanlegga er hovudansvarlege for miljøgiftene. I Ålfjorden finst det fem oppdrettsanlegg og eit smoltanlegg. Fiskefôret inneheld både uorganiske og organiske miljøgifter, og dei giftene som ikkje blir tatt opp av fisken, finn ein att som fôr som ikkje er ete, og fiskeavføring på fjordbotnen under dei opne oppdrettsmerdane. Så lenge oppdrettsanlegga held fram med opne merdar, vil miljøgiftene akkumulerast og giftinnhaldet i skalldyr, fisk og tang i området auka. Skauge meiner at å eta sjømat fanga utanfor oppdrettsanlegga i Ålfjorden er helseskadeleg. Miljøgiftene som blir tatt opp av menneske gjennom sjømat, er assosiert med alvorlege helsetilstandar som kreft, hjarte- og karsjukdommar og nevrologiske skadar.