I sin nye isocamp ved Etne Camping har Haldis Kvernenes planar om å tilbringa mesteparten av sommarferien.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Fann ferieparadis på camping
— I år blir det Etne og campingferie elles i Noreg. Me trivest på noregsferie og her i Etne trivest me veldig godt. Her er kjekke folk og dei har veldig god mat her, seier Haldis Kvernenes og nyt late dagar i sin nye isocamp som ho og ektemannen sette opp i vår.
Her har dei alt dei treng for ein vellukka ferie. Stor terrasse, romsleg opphaldsrom i isocampen. Soverom bad og kjøkken har dei i campingvogna. Heime i Brandasund på Bømlo har dei vogn nummer to ståande som dei brukar når dei skal ut på langtur.
— Me har vore her med campingvogn tidlegare. Nå har me kjøpt fast plass og er her mykje i helger og feriar. Dotter vår har plass her og det er mykje familie. Nå har me fått hus over vogna og frys ikkje, så me kan vera her om vinteren også, seier ho.