Espen Mills på fotooppdrag for Hurtigruten AS i Antarktis. Nå blir det slutt på sliske oppdrag ei stund etter utbrot av koronasmitte på eitt av skipa.
Foto: Privat
Fangar verda gjennom linsa
Heilt sidan han var liten har fotografering vore hans store interesse. Nå har interessa blitt til fulltidsjobb og ført Espen Mills (36) frå Etne på oppdrag over heile verda.
Eigentleg er Espen Mills utdanna lærar og har undervist elevar på mellomtrinnet i ei årrekkje. Fotografering har han hatt som tilleggsjobb, og har tatt ulike oppdrag både for private og næringslivet. I sommar tok han steget og sa opp lærarstillinga for å satsa for fullt som fotograf. Det har han ikkje trega på.
— Eg har jobba deltid som lærar i 9 år og har hatt foto i tillegg. Eg starta mitt eige firma då eg var ferdig med lærarskulen, og nå vil eg satsa for fullt på foto. Det er meir jobb å driva for seg sjølv, men nå har eg fridom, seier den tidlegare etnebuen som har busett seg i Stavanger.
Med kontoret heime i huset sitt på Ullandhaug som base, dreg han ut på oppdrag både i nærmiljøet og rundt i den store verda. Alt frå bryllaupsbilde, portrett og naturfoto til reklameoppdrag og bustadfoto står på oppdragslista til den allsidige fotografen som likar seg aller best når han får kasta sekken på ryggen og dra av garde til fjerne himmelstrøk for å fanga verda gjennom linsa.