Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dagleg leiar Knut Inge Haraldseid i Rørlegger Haraldseid AS.

Familiebedrift får næringspris

Publisert

— Det var både overraskande og veldig kjekt å bli heidra. Me er stolte og takksame for anerkjenninga, seier dagleg leiar Knut Inge Haraldseid i Rørlegger Haraldseid AS til Vindafjord kommune si nettside.

Familiebedrifta held til i Skjold og fyller 50 år i 2025. Dei omsette for over 30,5 millionar kroner i 2024. Ifølgje eiga nettside tilbyr selskapet tenester som installasjon og service på varmeanlegg, vassboren varme, sprinkleranlegg og varmepumper.

I tillegg utfører dei røyrleggartenester for nybygg, industri, næringsmiddelindustri, oppdrettsnæring og ved oppussing av bad. Oppdragsområdet deira omfattar mellom anna Etne, Vindafjord, Sveio, Tysvær, Bokn og Haugesund.

Powered by Labrador CMS