Ein kjenner og høyrer bruset frå elva godt frå parkeringsplassen på E134.
FOTO: Torstein Tysvær Nymoen
Familie fekk trøbbel ved Langfoss
Ein familiefar og tre mindreårige barn fekk problem då dei tok seg ein tur opp Langfoss sundag.
Politiet fekk melding klokka 21.40 sundag om at dei hadde fått problem med å finne vegen ned frå Langfoss då det vart mørkt, fortel politioverbetjent Inge Hebnes Hårajuvet ved Etne og Vindafjord politistasjon.
Kledd for sommar
Turfølget, som er heimehøyrande i ein kommune på ytre del av Haugalandet, skal ha vore kledd for ein sommardag. Det var varmt og fint då dei starta på turen, men dei var ikkje budd på mørke og fall i temperaturen. Dei fekk problem med å finne rett veg ned fjellet, og då dei dessutan hadde lite straum på mobilane sine valde familiefaren å be om bistand frå politiet.