Færre søkjer seg til IKT og realfag: – Kan bli kritisk for framtida
Opptakstala frå Samordna opptak vart lagt fram fredag 25. juli. Dei viser ein nedgang i både IKT- og realfagsstudium. Det uroar både fagorganisasjonar og studentleiarar, som meiner utviklinga kan få alvorlege konsekvensar for framtidas kompetansebehov.
Årets opptakstal viser eit kraftig fall i søkinga til IKT-studium, med 22 prosent færre søkarar og rundt 200 færre som har fått studieplass, ifølgje Tekna.no
NITO Studentene og Tekna uttrykkjer uro for utviklinga, og peikar på at Noreg treng fleire teknologar og ingeniørar for å møte framtidas behov innan blant anna kunstig intelligens, cybersikkerheit og grøn omstilling.
– Vi har no sett to år med nedgang i studietilbod innan IT, og det mest bekymringsverdige er nedgangen i førstevalssøkjarar. Dersom utviklinga held fram, har vi all grunn til bekymring, seier Sofie Strøm Olsen, leiar av NITO Studentene i ei pressemelding.
Samtidig held nedgangen fram for lærarutdanninga, spesielt innan realfag. Talet på førstevalssøkjarar til realfagslektor ved fleire universitet er no langt under talet på studieplassar.
– Vi ser starten på ei realfagskrise i skulen, seier Tekna-president Elisabet Haugsbø. Likevel åtvarar ho mot å redusere satsinga innan fagområdet.
Både ho og NITO Studentane meiner det må setjast inn fleire tiltak for å rekruttere studentar til desse fagområda, og løfte realfaga allereie i skulen.
(NPK)