Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim saman med Lena Dyring, avdelingsleiar i Sjømanssforbundet. FOTO: Dag Inge Aarhus / Sjøfartsdirektoratet
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim saman med Lena Dyring, avdelingsleiar i Sjømanssforbundet.

Færre sjøfolk vert trakasserte på jobb

Sjøfartsdirektøren kallar nedgangen positiv, men meiner tala framleis er altfor høge.

Publisert Sist oppdatert

Dei første resultata frå ei ny spørjeundersøking vart lagt fram under ein debatt under Arendalsveka om temaet. I undersøkinga melder 21,5 prosent av sjøfolk at dei vart mobba eller trakasserte på jobb det siste året. I ei tilsvarande undersøking frå 2023 var det talet 27 prosent, og nedgangen utgjer med det 5,5 prosentpoeng.

Det er Sjøfartsdirektoratet som melder dette i ei pressemelding.

– Nedgangen er positiv, men framleis er det alvorleg at så mange opplever mobbing og trakassering i jobben, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.

Det er heller ikkje berre positive tal i undersøkinga. Blant kvinner har talet gått litt opp, frå 39 til 42,1 prosent. Det er for første gong også laga eigen statistikk for dei som er minoritetar om bord, og blant desse er talet på 30,5 prosent, altså langt over snittet.

– Dette er noko me må vita meir om, og som eg ser på som særs alvorleg. Dei som er på jobb, skal ikkje oppleva at dei vert behandla dårlegare ut frå etnisk, religiøs eller seksuell legning. Dette er, saman med dei generelle tala for mobbing, uakseptabelt. Samstundes vil eg trekka fram det gode arbeidet som har vorte gjort i næringa dei siste åra for å førebyggja og skapa gode kulturar om bord. Dette trur eg vil gi endå meir synlege resultat på sikt, seier sjøfartsdirektøren.

(NPK)

Powered by Labrador CMS