Sjølv med gledelege tal for distrikta, var det fortsatt veldig høge konkurstall i 2019, berre ned 0,3 prosent mot året før som hadde svært høge tak, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i data- og analyseselskapet Bisnode.
Illustrasjonsfoto: Bisnode
Færre konkursar i vest
I 2019 gjekk 4.996 bedrifter konkurs, mens 1271 blei tvangsavvikla av styresmaktene.
Dette viser Bisnode sin konkursstatistikk for 2019. Gode tider innan fisk og olje gjer at det er stor nedgang i konkursane i vest og nord av landet, mens Austlandet opplever fleire konkursar enn på mange år.
— Sjølv med gledelege tal for distrikta, var det fortsatt veldig høge konkurstal i 2019, berre ned 0,3 prosent mot året før. Når me veit at 2018 hadde dei høgaste tala sidan finanskrisa, er det lite hyggeleg at 2019 held omtrent tilsvarande nivå, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i data- og analyseselskapet Bisnode i ei pressemelding.
Detaljhandel betre enn venta