Talet på aktive gardsbruk går stadig nedover.Illustrasjonsfoto
Færre enn 37.000 bønder i Noreg
NPK-NTB: Talet på bønder som søkjer produksjonstilskot har falle med 400 frå i fjor til i år. No er det færre enn 37.000 bønder i Noreg.
Tal frå Landbruksdirektoratet viser at 36.704 føretak med jordbruksareal har søkt om tilskot i år. Det er 393 færre enn i fjor, og ein nedgang på 1,1 prosent.
Kvar veke det siste året har mellom sju og åtte bønder lagt ned drifta, skriv Nationen.
Året før var nedgangen på 352, som var 0,9 prosent færre enn året før.
Men jordbruksarealet i drift her i landet er omtrent uendra sidan i fjor, totalt nesten 10 millionar dekar. I 2018 fall talet på norske bønder for første gong under 40.000.