Det er stor irritasjon blant trafikantane over at arbeidet med å fullføra utbetringa med asfaltering av fylkesvegen mellom Skjold og Vikebygd ikkje blir gjort. Vegansvarleg, Rogaland fylkeskommune, har provosert med diffuse svar.Foto: Grethe Hopland Ravn
Vindafjord kommune vil at Vikevegen skal bli prioritert.

Etterlyser fortgang i vegarbeid

Vegarbeidet mellom Trovåg og Dommersnes dreg ut, og dette skapar irritasjon for innbyggjarar som dagleg må køyre denne strekninga. Lovnadar frå fylkeskommunen held heller ikkje stikk.

Publisert Sist oppdatert

Det er mange månadar sidan arbeidet med å utbetra fylkesvegen mellom Trovåg og Dommersnes starta, og framleis er ikkje arbeidet ferdigstilt. At arbeidet dryger ut har irritert innbyggjarane, og i august blei dette ein debatt på Facebook-sida Oppslagstavle for Vikebygd.

Yngve Kolltveit var ein av dei som kontakta fylkeskommunen for å høyra korleis stoda var.

— Det er jo ikkje kjekt når me ser kor tregt dette går. Då eg kontakta fylkeskommunen i august, fekk eg beskjed om at det var både ferieavvikling og ein del avklaringar som måtte sjekkast, men at dei skulle starta opp igjen i neste veke». Då neste veke kom, blei det sett opp skilt, det var nokre folk som var der å jobba eit par dagar, men så forsvann både skilt og folk igjen. Me veit ikkje kva som skjer og kor lenge me må venta, seier Kolltveit.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS