Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tom Hardeland frå Etne tek over jobben som dagleg leiar ved Fiskå Mølle Etne AS.Foto: Privat
Tom Hardeland frå Etne tek over jobben som dagleg leiar ved Fiskå Mølle Etne AS.

Etnebu i sjefstolen

Etter 14 år i sjefstolen har dagleg leiar ved Fiskå Mølle Etne AS, Kjersti Granmo Nerheim frå Ølen, takka for seg. Nå er det ein etnebu som skal overta styringa av mølla som opphavleg blei bygd på Håfoss i 1923 under namnet Etne Bygdemølle. Den nye leiaren er Tom Hardeland (51), og kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Nortura i Sandeid.

— Det skal bli spennande. Eg har likt meg godt på Nortura. Det er ein bra arbeidsplass med flotte kollegar, men nå ville eg ha nye utfordringar, seier Hardeland som starta ved Nortura alt som 17 åring.

— Eg var på Norutura i 12-13 år. Så var eg på anlegg og ein tur innom Westcon før eg var tilbake til Nortrura, seier han. Hardeland var ein av fleire som søkte leiarstillinga ved Fiskå Mølle i Etne.

Powered by Labrador CMS