Erling Kasper (100) fekk besøk av ordføraren
— Eg trur eg kan driste meg til ein klem, du er vel fullvaksinert! seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Fredag føremiddag hadde ho teke på seg finklede og ordførarkjede, i anledning Erling Kasper Sævareid sin 100-årsdag. Ho troppa opp med blomar i armen, for å feire den spreke jubilanten. 100-åringen, Erling Kasper Sævareid, og kona, Laura Sævareid (90), bur framleis i huset sitt i Etne.
— Det er ikkje alle 100-åringar som er så spreke. Han går framleis tur, fortel kona, Laura, med eit stolt smil i andletet.