Ingemund Berge fylte 80 år vesle julaftan. Jubilanten er varaordførar i Etne, i det som er hans femte periode i kommunestyret.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ingemund Berge fylte 80 år vesle julaftan. Jubilanten er varaordførar i Etne, i det som er hans femte periode i kommunestyret.

Eplenikkers, betong og politikk

KrF-veteran Ingemund Berge hadde ingen plan om å feire 80-årsdag som varaordførar i Etne. Det berre vart slik. Men no vil jubilanten sleppe ungdommen til.

Publisert Sist oppdatert

Det knitrar i omnen på Silla, eller Silde som verten føretrekkjer, når Grannar kjem på besøk til 80-årsjubilanten Ingemund Berge. Me sit stova i huset som han og kona Sigrid bygde i 1973. Det er godt og varmt, og me nyt utsikta over heile Etne-bygda. Dei kom til Silde alt i 1963, då dei kjøpte eit gammalt småbruk. Det var då kommunen nokre år seinare vedtok å utvikle bustadfelt her, at dei selde dei gamlestova og heiv seg på nybyggjarbølgja dei også.

Ingemund vart fødd 23. desember 1938, i huset som foreldra Alvald og Evida leigde på Auestad i Sørbygda i Etne. Han var andremann ut i det som skulle bli ein syskenflokk på seks. Tre gutar og tre jenter. Martha var fødd i 1936, Ingemund i -38, Gunnar i -40, Selma i -44, Ansgar i -45 og yngstesøster Marie i -55. Ansgar døydde av hjertesjukdom berre 58 år gamal, elles er alle i live i dag.

Ingemund minnest tronge kår i barndommen. Familien budde i eit leigd lite hus på Auestad. Det var trongt økonomisk, men det sto alltid mat på bordet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS