Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Rune Haugsdal er fylkedirektør i Vestland.FOTO: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune
Rune Haugsdal er fylkedirektør i Vestland.

Ekstraordinære inntekter sikra overskot i Vestland fylkeskommune

Publisert Sist oppdatert

Det går fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen onsdag.

— Det er god budsjettdisiplin i organisasjonen, men kollektivsektoren er ei hovudutfordring. Vi må styrke inntektene og tilpasse drifta til realistiske rammer framover, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Store inntekter frå havbruk og kraft

I 2024 fekk fylkeskommunen langt høgare inntekter enn budsjettert, særleg frå havbruksfondet, som bidrog med 99 millionar kroner meir enn venta. I tillegg gav sal av konsesjonskraft 29 millionar kroner ekstra, og renteinntektene vart 122 millionar kroner høgare enn budsjettert.

Samtidig var det ein negativ trend for skatteinntektene. For første gong på fleire år var skatteinngangen lågare enn budsjettert, med ein skattesvikt på 177 millionar kroner. Auka rammetilskot frå staten kompenserte delvis for dette, med 82 millionar kroner ekstra.

— Mykje tyder på at dei gylne åra» for kommunal sektor er over. Vi kan ikkje stole på at auka skatteinngang skal berge økonomien vår framover. Dei siste åra har vi nytta midlar frå disposisjonsfondet for å oppretthalde nivået på tenestene våre. Dette går ikkje i lengda; som dei fleste andre kjem heller ikkje vi unna å måtte ta grep for å sikre at innrettinga av drifta vår samsvarar med midlane vi rår over, understrekar Haugsdal.

Kollektivtrafikken i minus

Drifta av kollektivtrafikken er framleis ei stor økonomisk utfordring for fylket. Trass i ein budsjettauke på 500 millionar kroner dei siste åra, enda kollektivsektoren 126 millionar kroner i minus i 2024.

— Eit godt og føreseieleg kollektivtilbod er viktig for innbyggjarane i heile fylket. Det er gledeleg med solid vekst i passasjertrafikken, særleg for buss og bane. Like fullt slit vi med å halde tritt med prisveksten på ulike innsatsfaktorar i driftskontraktane våre. Trass i ekstraordinær takstauke i løpet av 2024 og ein ny runde no i 2025, er det framleis ein ubalanse mellom kostnader og inntekter som må rettast opp, dersom vi skal makte å halde tilbodet oppe, framheld fylkesdirektøren.

Ros til dei tilsette

Fylkesordførar Jon Askeland trekkjer fram innsatsen til dei tilsette som ein nøkkelfaktor for at fylkeskommunen leverer gode tenester til innbyggjarane.

— Eg vil gje ros for innsatsen og resultatet for 2024. Ståpåviljen og det høge faglege nivået i fylkeskommunen imponerer. Det gode og tillitsfulle samspelet mellom folkevalde og administrasjonen gjev oss dei beste føresetnadane for å lukkast. Dette vert ikkje minst viktig i åra som kjem med utsikter til meir krevjande økonomiske tider, avsluttar Askeland.

Sentrale nøkkeltal:

2023 2024 Endring
Driftsinntekter 16 967 mill. kr 18 214 mill. kr 1 247 mill. kr
Driftsutgifter (eksl.avskriving) 14 989 mill. kr 16 587 mill. kr 1 598 mill. kr
Netto driftsresultat 857 mill. kr 473 mill. kr -384 mill. kr
Resultatgrad 5,1 % 2,6 % -2,5 %
Renteutgifter 495 mill. kr 635 mill. kr 140 mill. kr
Avdrag på lån 930 mill. kr 850 mill. kr -80 mill. kr
Investeringar 5 115 mill. kr 3 936 mill. kr -1 179 mill. kr
Netto gjeldsgrad 94,7 % 92,5 % -2,2 %
Lånegjeld 16 378 mill. kr 17 539 mill. kr 1 161 mill. kr
Powered by Labrador CMS