Eitt år med mobilfrie skular
Kunnskapsministeren meiner reguleringa av mobilbruk i skulen førebels har vore ein suksess.
I februar fjor kom Utdanningsdirektoratet med ei nasjonal tilrådinga om å regulere bruk av private mobiltelefonar og smartklokker i skuletida for elevar. På vårparten hadde 96 prosent av grunnskulane og 64 prosent av vidaregåande skular innført mobilreglar, ifølgje ei oversikt henta inn frå undersøkinga Spørsmål til skole-Norge».
– Eg er veldig fornøgd med at mobilen ikkje lenger har ein plass i skulen. Elevar og lærarar eg møter, fortel at mindre mobil har gitt meir ro og konsentrasjon, meir samhald, meir fysisk aktivitet i klasserommet. Eg er glad vi valde ei tilråding og ikkje ein omfattande lovprosess som hadde teke veldig lang tid, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
Tilrådinga er ein del av ein rettleiar som viser korleis kommunar og fylkeskommunar kan løyse mobilregulering lokalt.
(NPK)