Eit lite stykke Noreg til verda
– Kakaobønner smakar veldig forskjellig, avhengig av kvar dei er dyrka og korleis dei er arbeidd med. Som vindruer smakar bønnene frå eit og same tre også ulikt frå sesong til sesong. Men det er jo ikkje så lett å forstå, om ein berre har ete sjokolade frå masseprodusentane.
Agurtxane Concellon Arechaga, eller Agur, som ho blir kalla, står med hendene fulle av nyrista kakaobønner i ein ombygd barnehage i Eidfjord. I dag er det tjue år sidan ho kom til bygda og ti år sidan ho starta opp sjokoladeproduksjon ved kjøkkenbenken. Med det vart ho også den første i Noreg som laga sjokolade heilt frå scratch.
Fjåk, kalla ho den søte nyskapinga, som tyder elskeleg på hardangerdialekt.