Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Eit anna perspektiv på gaming
Det er ikkje til å leggje skjul på at nettaviser og media ofte omtalar dei negative sidene ved internett, gaming og sosiale medium. Eg sjølv tek meg ofte i å gjere det same. Det er ofte det negative som kjem fram.
På barnevernsstudiet snakkar vi mykje om sosialisering og sosialiseringsprosessen i psykologitimane. Primær, sekundær, tertiær og så vidare.. Viktigheita av arenaene der vi sosialiserer oss i møte med andre og lærar oss reglar, normer og verdiar som er akseptert. Vi snakkar også mykje om korleis moglegheitene for sosialisering har endra seg.
Ei historie eg ofte tenkjer på når vi snakkar om nettopp dette, er historia om Mats Steen, som eg las i ein artikkel i NRK for nokre år sidan. Historia om guten med den sjeldne sjukdommen som gjorde at han mesteparten av sitt liv sat i rullestol og som døyde alt for ung. Historia om foreldra som ikkje var klar over kor mange vener sonen eigentleg hadde før mange ukjente ansikt dukka opp i gravferda hans.