Over 700 skular er lagde ned siste ti åra i Noreg. Også lokalt er det skular som er i faresona.Foto: Gorm Kallestad / NTB
Over 700 skular er lagde ned siste ti åra i Noreg. Også lokalt er det skular som er i faresona.

Éin skule blir lagd ned kvar veke

NPK: Færre elevar har resultert i at 725 grunnskolar har blitt lagde ned dei siste ti åra.

Tal frå SSB viser at 725 grunnskolar har blitt lagde ned dei siste ti åra. I gjennomsnitt er det meir enn éin nedlagd skule i veka. Sunnfjord er ein av kommunane der spørsmålet om nedlegging har vore på sakslista.

— Dette har vore ei vanskeleg og til dels tung sak. Dette har vore nærast ei samvitssak for fleire representantar, sa ordførar Olve Grotle (H) i Sunnfjord kommune under kommunestyremøtet 28. januar, ifølgje NRK.

Resultatet av møtet i Sunnfjord, vart at to av skulane må leggast ned, medan Vevring skule, der sju elevar er fordelte på fire trinn i grunnskulen, får halde fram.

I ein analyse frå Utdanningsdirektoratet kjem det fram at skolenedleggingane først og fremst rammar små kommunar med mindre enn 5.000 innbyggarar, skriv NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS