Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kenneth Karlsen reagerer på uroa som eksisterer i Etne brann og redning. Nå vil han ha ei orientering om EBR i neste formannskapsmøteFoto: Grethe Hopland Ravn / Grannar
Kenneth Karlsen reagerer på uroa som eksisterer i Etne brann og redning. Nå vil han ha ei orientering om EBR i neste formannskapsmøte

Brannberedskap

EBR: Fire har sagt opp – leiinga får kritikk

Publisert Sist oppdatert

For eit par veker sidan var det seks brannkonstablar i EBR som sette frå seg radiosambanda sine på stasjonen i Etne, etter at kommunen sende varsel om oppseiing til ein av dei tilsette i EBR. To konstablar sa også opp stillingane sine i protest mot det som då skjedde, i tillegg til at det er brannkonstablar som har blitt sjukemelde. Slik situasjonen er no, skapar det ifølgje brannkonstablar stor frustrasjon og uro rundt beredskapen i kommunen. Dei stiller også spørsmål til korleis beredskapen skal kunna oppretthaldast framover.

Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse stadfestar både uroa og at fleire av brannkonstablane sette radiosambanda sine igjen på stasjonen. Han seier det er heilt uakseptabelt å gjera slikt, for dette handlar om beredskapen i kommunen.

— Dagen etter at dei sette radioane sine igjen på stasjonen, hadde me møte med kvar og ein av dei. Radioane deira blei henta på stasjonen og leverte tilbake, sa Sekse for eit par veker sidan, og la til at kommunen har vore tett på situasjonen etter at dei fekk beskjed om at tilsette ved Etne stasjon la ned arbeidet.

Powered by Labrador CMS