Her skal det bli seks ladepunkt for elbilar, fortel regionleiar Randi Kvaløy i St1.
Foto: Einar Vestvik
Sveio
E39 i Sveio: Lagar plass til elbilladarar
Grunnarbeidet for den nye ladestasjonen ved Haukås Bensinstasjon har starta. Regionsjef Randi Kvaløy i bensinstasjonkjeden St1 reknar med opning i februar-mars neste år.
(VESTAVIND): Stasjonen får seks ladepunkt, kvart på 150 kW. St1 tar heile utbyggingskostnaden. Kor stor den kostnaden blir, vil ikkje Kvaløy seia noko om før alt er på plass.
– Viktig stasjon
– Det er snakk om ei stor investering. For oss er Haukås viktig, no og i framtida. Difor satsar me på denne utbygginga. Stasjonen er blant dei største i vår region med omsyn til omsetnad av drivstoff. Haukås ligg strategisk til på strekninga mellom Stavanger og Bergen, seier Kvaløy.