Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne brannstasjonFOTO: Henning Tysvær Nymoen
Ein tidlegare brannsjef har saksøkt Etne kommune for det han meiner er rettsstridig omplassering.

Brannberedskap

DSB forventar at Etne løyver tilstrekkelege midlar til brannvesenet

Publisert Sist oppdatert

I eit brev til Etne kommune og kommunedirektør Filippo Ballarin har DSB kome med fleire kommentarar og tilrådingartiltaksplanen som nettopp har vore behandla i Etne formannskap, og som skal vidare til endeleg avgjerd i kommunestyret den 11. juni.

Mellom anna har DSB merka seg at Etne brann- og redning for tida ikkje har ein leiar for det førebyggande arbeidet, men at kommunen planlegg å tilpassa stillingane innanfor dagens rammer ved å gjera om brannsjef-stillinga slik at denne også inkluderer funksjonen som leiar førebyggande. DSB godtek denne løysinga, men etterlyser eit tidspunkt for når leiaren vil vera på plass.

DSB har også kommentert det årlege budsjettet dei neste tre åra, som er på 50.000 kroner for opplæring. DSB meiner dette beløpet er utilstrekkeleg, for erfaringstal viser at kostnadene for opplæring, inkludert regionale kurs og reise- og opphaldsutgifter ved Brann- og redningsskulen, vil overstiga dette beløpet. Direktoratet forventar at kommunen løyver tilstrekkelege midlar til å møta forskrifta sine krav til kompetanse.

Powered by Labrador CMS