Drøymer om å setja seg bak rattet i ein diger Scania
Henriette er berre 18 år, men er fast bestemt på å bli yrkessjåfør. Draumen er å farte land og strand rundt i ein diger Scania.
Ølensjenta Henriette Hundhammer klatrar raskt opp i Hustvedt & Skeie sitt vogntog som står parkert ved Fatland i Ølen. Sjåfør Benno har lete henne setje seg bak rattet på draumebilen — sjølvsagt ein diger Scania.
— Eg er fast bestemt på å bli yrkessjåfør og skal enten køyre tippbil eller langtransport når eg blir ferdig med utdanninga. Den draumen har eg hatt dei siste par åra, og lysta til å køyre store bilar har ikkje vorte mindre etter at eg tok lappen» for personbil på 18-årsdagen min, den 18. desember i 2018, sprudlar den framtidige yrkessjåføren.
Tre dagar etter at lappen» var i boks kjøpte ho seg ein BMW, sjølv om ho også på personbilmarknaden kunne tenkt seg noko som hadde med Scania å gjere.
— Aller helst skulle eg hatt ein Saab, kan du skjøne. Det er det som er Scania blant personbilar, men så vart det ein BMW i staden, smiler Henriette og røper at det har blitt nokre kilometer etter vegane på Haugalandet i løpet av den første månaden som sjåfør.
— Innvendig har eg dekorert bilen med Scania-effektar av ymse slag, fortel ho og dreg fram Scania sin årskalender for 2019.
— Den skal få plass bak i bilen, ler ho.