To bilar kolliderte på E134 ved Kyrping ein sundag ettermiddag i mars 2025.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Dømt etter mobilblikk bak rattet - som resulterte i alvorleg front mot front-kollisjon
Ulukka skjedde søndag 16. mars i fjor, på E134 ved
Kyrping i Etne. Mannen i 20-åra køyrde personbil og hadde med seg ein kamerat.
Dei kom køyrande frå Haugalandet, og var på veg heimover då ulukka skjedde.
I retten erkjente mannen at han såg bort frå vegen
i eit par sekund for å kikka på noko kameraten hadde funne fram på mobilen sin.
Retten la til grunn at dette var ein avgjerande grunn til at han mista
kontrollen over køyretøyet.