Dette er årets førsteklassingar i Vats
Grannar presenterer alle førsteklassingane i Etne og Vindafjord! Her kjem Vats skule. Me har tatt klassebilde av heile gjengen – elevane har også svart på spørsmål.
1.Kva er favorittmaten din?
2. Kva er det kjekkaste på skulen?
Annonse
Maria Aasærd
1. Tomatsuppa er det beste eg veit. Men eg liker også knekkebrød med leverpostei.
2. Eg liker godt å laga ting i kunst og handverk. For ikkje så lenge sidan laga me paraply, også har me laga farskort.
Lucas Emil Nilsen
Annonse
1. Eg liker godt tomatsuppe, også kjøttdeig og spaghetti.
2. Aller best liker eg friminutta for då kan me leika ute, eg spelar ofte fotball.
Ingrid Alice Ohm
1. Kaka er det eg liker aller best.
2. Bading
Lars Anders Tørresdal
Annonse
1. Godteri.
2. Å leika ute, då leiker eg ofte med traktor i sandkassen og alt slags anna.
Marie Håland
1. Eg liker godt frukt, aller best eple og druer.
2. Matte. Eg liker å leika inne og ute.
Liam André Kleppe
Annonse
1. Eg liker best eple og pæra. Så liker eg tomatsuppe til middag.
2. Leika med klossar.