Koronasmitte har tatt seg opp i sentrale delar av landet, og kommuneoverlegane Elisabeth Winterthun i Etne og Terje Kleiven i Vindafjord, meiner kvar enkelt må vurdere kva som er nødvendig å delta på i førjulstida. Foto: Jon Edvardsen
Avstand er det viktigaste våpen i kampen mot smitte meiner kommuneoverleg terje Kleiven og smittevernlege Elisabeth Winterthun.

— Det viktigaste er å halda seg heime ved sjukdom og avgrensa den sosial kontakt

Vinterferien står for døra og mange ønskjer å nytta feiredagane til ein tur på hytta eller dra på besøk til slekt og vener. Då er det viktig å ha smittevernreglane i bakhovudet og avgrensa sosial kontakt.

Publisert Sist oppdatert

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet kom tidlegare denne veka med nasjonale smittevernråd som førebels skal gjelda til midten av mars. Blant tiltaka er råd knytt til reise, og med vinterferien like om hjørnet er det særs viktig å ta omsyn til både nasjonale og lokale anbefalingar for å halda smitten under kontroll.

Regjeringa rår frå reiser til utlandet og ber folk unngå unødvendige reiser innanlands. Ein kan reisa på hytteferie enten den er eigd eller leigd, og ein kan dra på hotellferie innanlands, men dreg ein på hotellferie må ein vera budd på å gå i karantene der det blir smitteutbrot på hotellet. Ein bør også unngå kollektivtransport der det er mogeleg. Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak, bør som hovudregel følgja anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg, og alle må vera førebudd på å endra planane for ferien dersom det oppstår lokale utbrot der du bur eller der du reiser til.

I Etne og Vindafjord er det ingen særlege råd som gjeld spesielt for vinterferieveka, men begge kommunane ber innbyggjar og feriegjester følgja nasjonale råd når dei dreg på vinterferie.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS