Dagens Skjold brannstasjon på Vikaneset blei bygd i 1993.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Det kan bli leilegheiter i brannstasjon
Planarbeidet med den nye brannstasjonen i Skjold er i gang. I tillegg til nye fasilitetar til det lokale brannvesenet blir det utforska om det er mogleg å bygge leilegheiter i andre etasje av bygget.
— Me skal gjere ei lita studie av kva som er mogleg å få til på tomta, seier prosjektleiar Frode Eike i Vindafjord kommune.
Den nye brannstasjonen i Skjold skal byggast i Smedsvik nær E134. Omega 365 Areal skal på vegne av Vindafjord kommune utarbeide forslag til offentleg reguleringsplan for ny brannstasjon. I varselet om oppstart av detaljreguleringa står det at formålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny brannstasjon, og vurdere moglegheita for å legge til rette for leilegheiter i tilknyting til brannstasjonen.
Eike understrekar eventuelle leilegheiter er eit reint bonusprosjekt, og at det neppe blir mange. Prosjektleiaren opplyser at han på dette tidspunktet ikkje veit om det blir aktuelt med leilegheiteter og at dei kan bli strøkne frå planane etter oppstartsvarselet.