Det går ikkje alltid etter planen når ein skal prøva å tøffa seg litt.
Det er godt å bade når det blir varmt i vêret

Petit

Det er ikkje tøft å tøffa seg

Publisert Sist oppdatert

Har du nokon gong prøvd å tøffa deg litt – berre for å vera kul? Det har eg! Utan at eg imponerte ei einaste sjel av den grunn. Ungane, maen og eg var i badeland, og ein svær vassrutsjebane var plassert midt i den store badehallen. Strategisk! Dei kalla han dassen» og det er i grunnen lett å forstå. Høgt oppunder taket starta ferda nedover i eit langt røyr som enda i ei svær doskål» med rekkverk rundt, for skodelystne publikumarar. Farten på dei som hadde våga å setja utfor frå toppen var enorm då dei kom ut i doskåla – altså dassen, og dei fleste suste eit par rundar i dassen før farten dabba av og dei blei spylt ned» i eit basseng under, til stor jubel frå publikum.

Av ein uforklarleg grunn fann eg ut at dette ville eg prøve, mens maen himla med augene og rista på hovudet. Før eg visste ordet av det stod eg i kø på toppen. Fjortis etter fjortis sette seg ned på kanten, venta på det grøne lyset, og forsvann inn i tunnelen. Plutseleg var det min tur, og då slo det meg: Ka fakerten har eg funne på nå? Angsten kom kastande over meg, og med eit halvt dusin fjortisar bak meg, kunne eg ikkje feiga ut. Lyset blei grønt, og med pulsen dundrande i strupen kasta eg meg utfor, la meg på rygg med bein og armar i kryss, og trudde eg skulle få hjarteklapp. Som ei kanonkule fór eg nedover, og i beksvart mørke blei eg kasta både hit og dit fordi eg ikkje visste om neste sving gjekk til høgre eller venstre. Plutseleg var svingen så skarp at eg velta over på magen. Og der var det slutt på tunnelen…

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS