Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Haldis Evensen Espeland
Haldis Evensen Espeland

Petit

Den vesle bilen som ikkje kjem opp bakkane

Publisert Sist oppdatert

I Bergen er det lite praktisk å ha bil. Der går bybanen og buss nesten kvart 5 minutt. I tillegg er det plassert sikkert 40 000 elektriske sparkesyklar rundt om kring i byen, men desse er livsfarlege. På Stord derimot, og ikkje minst i Skånevik, skadar det ikkje å ha eit privat framkomstmiddel. Når eg fekk jobben i Grannar, var det sjølvsagt at eg måtte ha bil. Og kva er vel enklare å kome seg rundt med på dei smale vegane enn ein Fiat 500? Det fantes ikkje noko anna alternativ. Fjatten, som eg har døypt han, skulle bli min. Likevel kunne ingenting førebu meg på den problematiske sida ved bilen.

Greitt nok, bilen har liten motor og minimalt med hestekrefter. Men det å sjå speedometeret søkke, sakte men sikkert, kva einaste gong eg skal over Håfjellet, det er rett og slett flaut. Bilar og motorsyklar pressar seg heilt inntil fiaten fordi den køyrer så sakte. Dei tørr ikkje køyre forbi heller på grunn av dei krappe svingane. Dette gjer folk illsinte (noko eg absolutt forstår). Min største frykt er å bli forveksla med ein moped-bil. Fiaten kan køyre i 100 km/t, eg lovar!

Eg svinga sakte inn vegen til Skånevik. Den første bakken avgjer heile turen. Med klampen i botn bedde eg forsiktig til Gud, men det var nok allereie forseint. Pila i speedometeret var nede på 50 i 80 sona og dalte endå nedover. Diverre entra ein massiv trailer vegen. Like etter var han heilt oppi baken på fiaten og blinka med lysa. Hjarte fauk opp i halsen. Det var inga plass å sleppe traileren forbi heller. Skammeleg flaut. Høgre fot pressa gassen heilt i botn. Likevel såg eg med tunge auger korleis pila framleis gjekk nedover. Då var det berre å bite tenna saman å gle seg til me nådde toppen.

Powered by Labrador CMS