Retten denne veka er ein tropisk-inspirert salat som er hylande enkel å lage og set ein fin farge på lunsjbordet året rundt. Server salaten med pitabrød, loff, focaccia eller kanskje nokre maislefser eller tostadanes.
Kjem i mange utgåver
Visste du forresten at reker kjem i mange utgåver? Reker som ligg i lake, kan vere billige og dårlege, men også store, gode og handpilla. Ferske, nykokte reker er populært, men berre tilgjengeleg viss du har ein god ferskvaredisk eller fiskebåt i nærleiken – og ikkje alltid då heller. Dessutan er dei ferske rekene ofte altfor dyre og nokre gonger veldig små.
Eit godt substitutt er frosne reker. Desse blir kokte og hurtigfrosne ute på båtane, noko som sikrar kvaliteten. Blir dei tinte forsiktig, pleier dei å bli veldig bra. Men her er det òg fleire variantar å velje i. Dei blir nemleg sorterte etter storleik. Du har kanskje sett plakatar med t.d. tala 70/90» ved reka. Tala fortel kor mange reker det er på kiloen, altså mellom 70 og 90 reker på ein kilo. Dei minste rekene blir kalla 90/120», medan store reker blir kalla som 50/70». Nokre gonger kan du vere så heldig å komme over ei ladning med 30/50-reker» som er gigastore. Dess større rekene er, dess meir saftige, betre og dyrare er dei. Men smak og behag – og bruksområde – speler inn her òg.
Eit smart val
I ei verd der det knapt finst noka form for berekraftige scampiar og kongereker, så er den kjære reka vår eit smart val. Men også her heime har rekefisket vore for dårleg forvalta dei siste åra. No finst det ei god merkeordning kalla MSC, som blir brukt for sertifisert berekraftig sjømat. Vel dette, så sikrar vi at vi får gode reker i Noreg òg i framtida – anten om dei er frå Barentshavet, Nordsjøen eller Skagerrak.
Når du skal ha reker til eit måltid, må du ta med i utrekninga at det er ein del svinn. Faktisk utgjer skalet og hovudet over 60 prosent. Men i staden for å kaste dette, kan du bruke det til ei magisk god kraft. Berre fres skal og hovud i olje, og ha på løk, kvitløk, tomat, chili og urter. Dekk med vatn. Kok opp, og la trekkje i 40 minutt. Krafta kan du fryse ned og bruke til suppe, gryte og risotto.