Odd Steinar Kvinnesland frå Skjold får dagens sommarblom i Grannar. Innsats på fleire område, ikkje minst i korpsmiljøet, er noko av det forslagsstillaren trekkjer fram.
Foto: Jon Edvardsen
Sommarblomen
Den blide musikanten
Det er ingen klisjé at 64-åringen har ein brummande latter og eit stort smil. Filosofien hans er at sjølv om også han kan vere litt på nullpunktet, er det liten vits å møte verda med det.
Han fortener Grannar sin sommarblom for engasjement og iver i mange år for korpsmusikken både i Skjold og Etne og i Lions Skjold Vikebygd. Og i tillegg er han alltid blid, meiner forslagsstillaren.
Dessutan har han vore politisk aktiv i mange år, men direkte politisk verv la han på hylla før lokalvalet for to år sidan.