Omsorgs- og inkluderingsprisen til Ølen IL: Hjartelaget vart løfta fram som eit føredøme for inkludering og fellesskap.
Sirianne Vikestad
Delte ut prisar, stipend og idrettsheider
Fleire av vinnarane nytta
takketalane til å løfta fram fellesskapet og dei frivillige som legg ned timar
på timar gjennom året.
Byggeskikkpris: – Voldsamt motiverande
Byggeskikkprisen gjekk til Veronika og
Jone Tveit for restaureringa og revitaliseringa av den gamle hermetikkfabrikken
i Haraldseidvågen. I grunngjevinga blir det peika på at dei har redda eit
bygningsmiljø som lenge stod til forfall, og at arbeidet er gjort i samråd med
antikvariske styresmakter og med respekt for lokal byggeskikk og materialbruk.