Grethe Hopland Ravn. Foto: Rina Aspmo
Grethe Hopland Ravn.

På tampen

Dei store løfters lette leik

Publisert Sist oppdatert

Når klokkene kimar inn det nye året, kjem dei uunngåelege nyttårsforsetta sigande. Desse små, men ambisiøse erklæringane om personleg endring, skippertak, og det åreleg ritualet som i beste fall overlever til april før det heile går på nasen i grusen» – gjerne med påfølgjande smerte og skrubbsår. Men det startar som regel friskt!

Nytt år og ny start, nytt år og nye moglegheiter, og denne gongen skal endeleg 1. januar vera annleis enn 31. desember. Kvar dag er eit nytt høve til å eta sunnare, trena meir, bli flinkare til å gjera ting etter kvart i staden for dei evige skippertaka, bli flinkare til å handla ein gong i veka i staden for kvar dag, og bli flinkare til å laga middag sjølv i staden for å kjøpa ferdigmat. I tillegg skal me blir meir økonomiske, meir miljøvenlege, og meir samfunnsengasjerte. Sjølvsagt går det strålande gjennom heile januar, gjerne også februar, men når ein kjem til mars… i alle fall april, så går det gjerne som det pleier å gå, og ambisiøse intensjonar blir utsett til i morgon». Nyttårsforsett er som regn i juni: Lett å lova, men forferdeleg vanskelege å halda.

Som oftast handlar dei fleste nyttårsforsetta om helse, kosthald, kropp og utsjånad. Me skal bli sunnare, tynnare, sterkare, opplagte, friskare, kjappare, flinkare, ryddigare, dyktigare, og gjerne klokare attpåtil. Mens vekepressa i førjulstida bognar av feit mat, god drikke, og tusen tips og råd til korleis perfeksjonisme, realisme og idealisme blir knebla saman til det som kallast perfekte julestradisjonar», er det andre bollar etter nyttår. Når i år» plutseleg har blitt i fjor» og krutet frå rakettane har blese bort med vinden, har tydelegvis mange fått ei kjevle i knollen i løpet av julestria. Då har nyttårsforsetta tredd i kraft, treningssentera har fått ein oppsving i medlemstal, diverse slankekurs har fått ein skokk med nye ambisiøse deltakarar, og frukt- og grøntavdelinga på Super’n kan markera pluss i rekneskapen i første kvartal.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS