SMV i Skånevik er ein viktig arbeidsplass i Etne kommune.

Dei aller fleste har jobb i Etne og Vindafjord

Tala frå NAV for november viser at arbeidsløysa i Etne og Vindafjord framleis ligg under snittet for både fylka og landet.

Publisert

I november var det registrert 25 heilt arbeidsledige personar i Etne kommune, noko som utgjer 1,2 prosent av arbeidsstyrken. I Vindafjord stod 72 personar utan arbeid, som gir ei arbeidsløyse på 1,5 prosent.

Til samanlikning er arbeidsløysa i Vestland fylke 1,7 prosent, medan Rogaland ligg på 1,9 prosent. På landsbasis er arbeidsløysa 2,1 prosent.

Arbeidsløysa i Etne og Vindafjord har vore stabilt låg sidan etter koronaperioden, og har ikkje vore over to prosent sidan juli 2021. Etne låg sist over landssnittet i januar 2020, medan Vindafjord låg over mellom september 2016 og august 2018.

Powered by Labrador CMS