Representantar frå Garpestad og Bertelsen, Kenneth Eie Pettersen og Jan Øyvind Jørgensen. Heilt til høgre Tor Inge Gran frå Pelago.FOTO: MARIT TVEDT/TYSVÆR BYGDEBLAD
Næringsliv
Dårleg stemning på folkemøte om Yrkesfjorden-planar
(TYSVÆR BYGDEBLAD) Det var entreprenør Garpestad & Bertelsen som hadde invitert til folkemøtet, medan konsulentselskapet Norconsult og selskapet Pelago, som skal drifte det ferdige anlegget, orienterte om byggeplanane. Tomta er eigd av den stavangerbaserte familiebedrifta Tarraco, og ligg i ei vik like ved kommunegrensa til Vindafjord, der Yrkesfjorden og Vatsfjorden møtast.
Vindindustri
Dei kunne fortelje at det no er søkt til kommunen om å bygge kai og setje opp servicebygg i Ramsvik. Staden skal brukast til service for vindindustrien, samt lagring av delar til same industri.
— Enno er det ikkje inngått avtale med bestemte selskap, men forhandlingar er i gang, sa representanten frå Pelago, Tor Inge Gran.
Dei møtte ei forsamling som slett ikkje var særleg villig til å ta imot bodskapen om ei anleggstid utan nemneverdige påverknader på miljøet eller løftet om ein berekraftig næring som skal vere med på det grøne skiftet.
Raunes-frykt
Mange frå bygdelaget i Yrkje og Lindanger hadde møtt opp, og dei hadde førebutt seg godt til møtet med både spørsmål og innlegg frå talarstolen. Dei er redde for at ei etablering på tysværsida av Yrkjefjorden vil styrkje industrien på begge sider, sjølv om Tysvær kommune har sagt nei til etableringa av vindturbinbygging på Raunes.
Innbyggjarane er svært usikre på om dette berre er starten på ei utbygging som gradvis vil auke i storleik. Dei meiner at Yrkjefjorden er ein spesiell fjord i Rogaland, viktig på mange område og svært fiskerik. På kvar side av fjorden er det naturreservat som er svært viktige for både dyr og menneske.