Hylla av Ivar Medas gjennom songen Dar kjem dampen». Her tidlegare Oster» før restaureringa tok til for fullt. Alle bilde er frå boka 61 veteranbåtar på Vestlandet».Foto: Harald Sætre.
Hylla av Ivar Medas gjennom songen Dar kjem dampen». Her tidlegare Oster» før restaureringa tok til for fullt. Alle bilde er frå boka 61 veteranbåtar på Vestlandet».
DS Stord I» under innsegling til Oslo, som deltakar i den såkalla grunnlovskonvoien i 2014. Foto: Tore Sætre.
DS Stord I» under innsegling til Oslo, som deltakar i den såkalla grunnlovskonvoien i 2014.
I perioden 1930 — 63 gjorde MS Tysnes» teneste for HSD, både på Åkrafjorden og i dei ytre delane av Sunnhordland. Foto: Øyvind Østvik
I perioden 1930 — 63 gjorde MS Tysnes» teneste for HSD, både på Åkrafjorden og i dei ytre delane av Sunnhordland.

Dar kjem dampen»

Ein del enkeltpersonar og grupperingar ser det som verdfullt å føra gamle båtar av ulike typar tilbake til tidlegare tiders stordom, og gjera dei sjødyktige igjen. Kva resultat tidkrevjande restaureringsarbeid har gitt, er no tilgjengeleg i bokform.

Publisert Sist oppdatert

Båtkjennaren og entusiasten Harald Sætre har samla 61 veteranbåtar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane mellom bokpermane. Forfattaren deler fartøya inn i kategoriar — til saman er det fem slike — og han gir ein detaljert presentasjon av kvar enkelt båt, i tekst og bilete. Vidare gjer han grundig greie for restaurerings- og oppussingsarbeidet som er utført.

Boka inneheld mykje informasjon, til dømes mange båtnamn, personnamn og geografiske namn. Men Sætre fortel med ein smittande entusiasme, og han har ei stor kunnskapskjelde å ausa av. Dermed blir det liv over framstillinga.

Det er forvitneleg å lesa om alle dei som legg ned hundrevis, ja, kanskje tusenvis av arbeidstimar, gjerne ulønna, for å få ein gammal båt tilbakeført til original stand, eller tilnærma original.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS