Byta til seg nytt og brukt
— Eg har aldri vore med på klesbytedag. Det er kjekt. Eg har funne meg to jakker, seier Anne Marit Kristiansen frå Bergen og tek seg ein runde i lokalet for å sjå om det er noko meir som passar.
Saman med søstera Kjersti Dagsland har ho sett av kvelden til klesbyte på bygdahuset før ho skal vidare på slektsbesøk.
— Me fekk vita gjennom slekta at det skulle vera klesbytekveld og då kom me litt tidlegare for å vera med, seier ho.